Gløym ikkje dei andre!
Talet på drepne i Gaza aukar for kvar dag som går, og norsk presse har si fulle hyre med å halda folket oppdatert på situasjonen. Gjennom aviser, fjernsyn og internett kan me fylgja utviklinga i Gaza dag for dag, time for time. Sidan Israel byrja bombinga 27. desember har framsidene på så godt som alle store aviser vore dekka av konflikten, og den kontinuerlege nyhendekanalen «TV2 Nyheter» er knapt innom andre saker enn det som skjer i Gaza. Å telja oppslag på internettavisene er håplaust; dei vert nemleg oppdaterte på ny, lenge før ein er ferdig å telja.
Eit kikk på Aftenposten sin nettstad teiknar eit omriss av den massive mediedekninga. Ved midnatt natt til tysdag 6. januar kunne ein sjå på aftenposten.no si oversikt over eiga Gaza-dekning, at dei hadde lagt ut 74 oppdateringar sidan bombinga byrja tredje juledag.
I skuggen av det som skjer mellom Israel og Hamas (og råkar resten av den palestinske befolkninga) i Gaza, held resten av verda fram med sine konfliktar. Men for media speler det lita rolle; no er det Gaza som gjeld.
Konflikten i Kongo
Det er om lag halvannan månad sidan miljø- og utviklingsminister Erik Solheim hadde ein kronikk på trykk i Aftenposten, der han stilte spørsmålet om det er håp for Kongo. Han hadde nyleg vitja det krigsherja området aust i Kongo, og sett det han skildra som «ufatteleg mange» på flukt, tvungne til å røma frå alt dei eig og har. Han skriv om krigen i Aust-Kongo som ei av dei verste katastrofene i verda etter andre verdskrig, med tanke på kor mange som har døydd. Det vert hevda at meir enn fem millionar menneske er drepne dei siste ti åra.
Problemstillingane kring krigen i Kongo skal eg ikkje gå særleg innpå her. Det har andre gjort før, til dømes Ingrid Samset, forskar ved Chr. Michelsens Institutt, i kronikken «Arven etter folkemordet» i Bergens Tidende for eit drøyt år sidan, 1. november 2007. Av nyare kjelder kan me lesa i «Leger Uten Grenser» si oversikt over verdas ti verste humanitære katastrofer, der dei viser til ein artikkel frå BBC som hevdar at ein kvart million menneske har vorte fordrivne frå heimane sine i Kongo, berre sidan august 2008.
20 gonger så mange drepne
I løpet av den første veka etter at Israel byrja å bomba Gaza, er det meldt om mellom 500 og 600 drepne palestinarar, og fem drepne israelarar. Dette er sjølvsagt ikkje tal å kimsa av. At nesten 100 menneske døyr dagleg er svært alvorleg, anten dei høyrer heime her eller der.Men til samanlikning skal ein ikkje trykka mange gonger på kalkulatoren for å finna ut at konflikten i Kongo gjennomsnittleg har teke nesten 10 000 liv per veke dei siste ti åra ? mellom 1300 og 1400 drepne dagleg.
Det høyrer med, og skal sjølvsagt seiast, at Kongo er eit nemneverdig større område enn Gazastripa. Men likevel: Gjennom ti år har talet på drepne vore så høgt i Kongo at dødstala den første veka i Gaza ikkje utgjer meir enn 5 % av ein gjennomsnittleg tilsvarande periode i Kongo.
Nære og kjære
Det er ikkje noko nytt at det nære òg er det mest kjære. Jaktulukker i heimkommunen har ein tendens til å vera viktigare enn jordskjelv i andre verdsdelar, og eit drukna skip utføre Japan er neppe like interessant som ei enkel drukningsulukke i Noreg. Og slik skal det vel òg vera. Våre nære er, og vil alltid vera, våre kjære. Men lat oss for all del ikkje gløyma dei andre; dei som får få klikk på nettavisene og fort forsvinn frå nyhendebiletet når det vert meldt om nytt frå vårt eige grannelag.
O je
08.feb.2009 kl.16:02
maleno
08.feb.2009 kl.22:45