Gløym ikkje dei andre!

Talet på drepne i Gaza aukar for kvar dag som går, og norsk presse har si fulle hyre med å halda folket oppdatert på situasjonen. Gjennom aviser, fjernsyn og internett kan me fylgja utviklinga i Gaza dag for dag, time for time. Sidan Israel byrja bombinga 27. desember har framsidene på så godt som alle store aviser vore dekka av konflikten, og den kontinuerlege nyhendekanalen «TV2 Nyheter» er knapt innom andre saker enn det som skjer i Gaza. Å telja oppslag på internettavisene er håplaust; dei vert nemleg oppdaterte på ny, lenge før ein er ferdig å telja.


Eit kikk på Aftenposten sin nettstad teiknar eit omriss av den massive mediedekninga.  Ved midnatt natt til tysdag 6. januar kunne ein sjå på aftenposten.no si oversikt over eiga Gaza-dekning, at dei hadde lagt ut 74 oppdateringar sidan bombinga byrja tredje juledag.

 

I skuggen av det som skjer mellom Israel og Hamas (og råkar resten av den palestinske befolkninga) i Gaza, held resten av verda fram med sine konfliktar. Men for media speler det lita rolle; no er det Gaza som gjeld.


Konflikten i Kongo

Det er om lag halvannan månad sidan miljø- og utviklingsminister Erik Solheim hadde ein kronikk på trykk i Aftenposten, der han stilte spørsmålet om det er håp for Kongo. Han hadde nyleg vitja det krigsherja området aust i Kongo, og sett det han skildra som «ufatteleg mange» på flukt, tvungne til å røma frå alt dei eig og har. Han skriv om krigen i Aust-Kongo som ei av dei verste katastrofene i verda etter andre verdskrig, med tanke på kor mange som har døydd. Det vert hevda at meir enn fem millionar menneske er drepne dei siste ti åra.

 

Problemstillingane kring krigen i Kongo skal eg ikkje gå særleg innpå her. Det har andre gjort før, til dømes Ingrid Samset, forskar ved  Chr. Michelsens Institutt, i kronikken «Arven etter folkemordet» i Bergens Tidende for eit drøyt år sidan, 1. november 2007. Av nyare kjelder kan me lesa i «Leger Uten Grenser» si oversikt over verdas ti verste humanitære katastrofer, der dei viser til ein artikkel frå BBC som hevdar at ein kvart million menneske har vorte fordrivne frå heimane sine i Kongo, berre sidan august 2008.


20 gonger så mange drepne

I løpet av den første veka etter at Israel byrja å bomba Gaza, er det meldt om mellom 500 og 600 drepne palestinarar, og fem drepne israelarar. Dette er sjølvsagt ikkje tal å kimsa av. At nesten 100 menneske døyr dagleg er svært alvorleg, anten dei høyrer heime her eller der.Men til samanlikning skal ein ikkje trykka mange gonger på kalkulatoren for å finna ut at konflikten i Kongo gjennomsnittleg har teke nesten 10 000 liv per veke dei siste ti åra ? mellom 1300 og 1400 drepne dagleg.

 

Det høyrer med, og skal sjølvsagt seiast, at Kongo er eit nemneverdig større område enn Gazastripa. Men likevel: Gjennom ti år har talet på drepne vore så høgt i Kongo at dødstala den første veka i Gaza ikkje utgjer meir enn 5 % av ein gjennomsnittleg tilsvarande periode i Kongo.


Nære og kjære

Det er ikkje noko nytt at det nære òg er det mest kjære. Jaktulukker i heimkommunen har ein tendens til å vera viktigare enn jordskjelv i andre verdsdelar, og eit drukna skip utføre Japan er neppe like interessant som ei enkel drukningsulukke i Noreg. Og slik skal det vel òg vera. Våre nære er, og vil alltid vera, våre kjære. Men lat oss for all del ikkje gløyma dei andre; dei som får få klikk på nettavisene og fort forsvinn frå nyhendebiletet når det vert meldt om nytt frå vårt eige grannelag.

Gassproblem hjå gamle kompanar?

- Ukraina meiner Russland driv med utpressing, medan Russland hevdar Ukraina stel og er utakksame for billig gass, seier nyutnemnd Russland-ekspert Ole Jakob Totland etter at Russland sin statsminister Vladimir Putin bed Gazprom om å kutta gassforsyningane som går via Ukraina til Europa.

 

Dagbladet.no melder i dag at administrerande direktør i Gazprom, Aleksej Miller,  hevdar at Ukraina sidan 1. januar har forsynt seg med 65,3 millonar kubikkmeter gass som skulle ha gått til kundar i Europa.

 

Ifylgje Russland-kunnige Totland er dette ikkje snakk om noko kjekkaseri frå Putin si side, og heller ikkje gamle kompanar som har fått gassproblem.

 

- Det er mest Ukraina som ikkje er samd med seg sjølv om det vil vera eit russiskt lydrikje, hevdar Totland som meiner fylgjene vil vera at trykket i gassleidningane i heile kontinental-Europa vert redusert.

 

- Russland vil diskutera saka i Europarådet, der tyskerten og franken og dei er mest huga på å halda varmen, medan polakken, tsjekken og dei er nøgde med å visa russen ei kald skulder.

 

Så kjem det an på kor kalde skuldrer dei toler, før varmen freistar igjen.

Midtausten aukar det borgarlege gapet.

Eit par dagar inn i stortingsvalåret 2009 kan det sjå ut som uroen i Midtausten bidreg yttarlegare til å auka gapet mellom partia på borgarleg side i Noreg. Venstre har allereie fleire gonger gjeve uttrykk for at eit samarbeid med Framstegspartiet er utelukka (som til dømes i denne saka), men Høgre er framleis stanhaftige, og meiner eit samarbeid på borgarleg side bør la seg gjera.

Senterpartiet er allereie ute av det borgarlege biletet, etter at den raudgrønne (eller brune; berre prøv å blanda raud og grøn) regjeringa vart til. Korleis Kristeleg Folkeparti stiller seg til regjeringssamarbeid på borgarleg side er enno uvisst.

Dette åleine skulle vera nok til å tvila på at sentrums/-høgrefløyen av norsk politikk klarer å samlast rundt kongens bord. I tillegg kjem no konflikten i Midtausten.

aftenposten.no kan me i dag lesa at det er store sprik mellom representantar for dei borgarlege parti sine syn på konflikten. Erna Solberg (H) meiner Hamas har framprovosert situasjonen, men at Israel sin reaksjon er ute av proporsjonar. Morten Høgland, utanrikspolitisk talsmann for FrP, meiner det er rett å plassera ansvaret for dei sivile tapa i Gaza på Hamas.

Ingebrigt Sørfonn (KrF) svarar svært diffust på spørsmål om kva han meiner, og spør ifylgje aftenposten.no om korleis Israel skulle ha reagert, om dei ikkje skulle reagert slik dei gjer.

Som vanleg er det Lars Sponheim (V) som nyttar dei sterkaste orda, og distanserer seg med det endå meir frå FrP, men òg frå dei andre borgarlege partia.

- Israel må bera ansvar for kvart barn som døyr. Båe partar har ansvar for å gje seg, men Israel sitt ansvar er særleg, meiner Sponheim.

Som argument seier han at han lærte av mor si at den som er størst gjev seg først. Det er interessante ord frå Venstre-leiaren når me no går mot val. Han som er både størst og minst, alt etter korleis ein ser det.

Angrep er det beste forsvar.

Dagbladet.no skriv i dag at både USA-president George W. Busch og EU-presidentskapet ser Israel sitt inntog i Gaza laurdag som sjølvforsvar.

- For augeblikket, sett i lys av dei siste dagars hendingar, tolkar me denne eskaleringa som ein defensiv, ikkje ein offensiv, seier talsmann for presidentskapet i EU, Jiri Potuznik ifylgje Reuters.

At ei eskalering kan vera ei defensiv handling, og ikkje offensiv, minnar meir om George Orwell sitt fantastiske verk 1984 enn det det er hyggeleg å tenkja på. Ordboka forklarar ordet eskalering som ei opptrapping, noko som er vanskeleg å tolkast som defensivt.

Men det er gjerne sant som dei seier det, at angrep er det beste forsvar.

Likestillingsministerens fallitt.

Eg har i dag min andre kronikk på trykk. Hugsar eg ikkje heilt feil, debuterte eg som kronikør i fjor, i lokalavisa Kvinnheringen, med noko som i grunn var meir eit kåseri enn ein kronikk (om fotball og mediedekning). Den andre kronikken liknar derimot meir ein kronikk, og er attpåtil på trykk i BT.

Kronikken, som du kan lesa her, tek opp problemstillinga rundt kven som har rett til fedrekvote, og kven som kan ta ut foreldrepengar, i eit likestillingsperspektiv.

Det er, om eg får seia det sjølv, reint vakkert når debatt-redaksjonen i BT legg merke til mitt eigenkomponerte nye uttrykk (...som å selja skinnet før bjørnen er fødd), og dreg dette fram som teaser for kronikken på debattsida. Då får det heller stå seg at dei i same slengen har slengd på ei forenklande og populistisk overskrift.

Apropos Israel og Hamas og det der.

Det har vorte kviskra meg i øyret at min blogg-post Kven er dei sivile, og finst dei eigentleg? manglar informasjon om den eine parten i Midtausten-konflikten. Israel har nemleg allmen verneplikt, og heile folket må difor reknast som militære. Slik sett finst det heller ikkje israelske sivile.

Men meg om det. Dagbladet.no melder om at israelarar er livredde og føler seg hjelpelause. I ein reportasje frå det sørlege Israel fortel dagbladet.no om stadige turar til bomberom, og folk som fryktar for livet. Rett nok seier israelarane dagbladet.no har snakka med at dei er usikre på om den massive bombinga av Gaza er rett framgangsmåte, men presiserer at noko måtte gjerast for å stoppa rakettregnet over Israel (i motsetnad til rakettregnet over Noreg, som ikkje drepte ein einaste israelar).

Men det er ikkje dette som har blåst liv i blogg-muskelen i dag. Det er det ein kommentar til Dyrets blogg sin kommentar til dagbladet-artikkelen som har gjort. Der skriv ein som kallar seg Flotsparken: "Siden når ble matematikk relevant i en krig? Det har ingenting med saken å gjøre."

Dette kan ikkje stå uimotsagt, og kor skal ein seia imot kommentatorar, om ikkje på eigen blogg?

I så godt som endelause tider har proporsjonalitet vore eit sentralt stikkord i krigføring (jus in bello, jus ad bellum og alt det der). Filosofen og teologen Thomas Aquinas, som levde på 1200-talet, og dessutan har vore normsetjande for det meste av krig som har vore i ettertid, sette stort fokus på proporsjonalitet i krig. Så det så.

Rakettar over landet.

Det haglar rakettar over norske mann i hus og hytte, men det er enno ikkje meldt om israelske statsborgarar er komne til skade.

Nytt år, men vert det godt?

I dag er siste dagen av 2008, og sidan det allereie er mørkt utføre stova kan me vel seia det så sterkt at me med stormsteg nærmar oss neste år. Etter ei dryg veke med ribbesvor og pinnesnek er det endeleg på tide å feira at kvardagen snart er tilbake. Med brask og bram feirar me. Med rakettar, men utan styrepinnar i år, og talar. Nyttårstalar.

Bråket i Midtausten
Kongen skal sjølvsagt halda sin årlege nyttårstale, men allereie fleire timar før har dagbladet.no publisert nyttårstalar frå ei tilsynelatande endelaus rekke såkalla kjendisar. Ein konklusjon etter å ha skumlese fleire av dei, er at mange anten ikkje hadde planlagd å skriva nokon nyttårstale, eller har måtta skrive om talen i siste liten.

Det handlar nemleg stort sett om bråket i Midtausten, og her kjem litt «best of»-stoff:

- Apartheidstaten Israel må pressast i kne, slik apartheidstaten Sør-Afrika vart det, skriv Rødt-leiar Torstein Dahle i nyttårstalen sin på kjendis.no, medan Heikki Holmås (SV) meiner okkupasjonen frå den israelske staten, med sin gjengjeldesesterrorisme dømer uskuldige born vilkårleg til døden.

Lars Sponheim (V) ser heller ikkje lett på uroen i Midtausten, men meiner årets viktigaste hende vert København-møtet om ein ny klimaavtale. 

- Lukkast me ikkje med det, vil verda vera ille ute, hevdar Sponheim.

Og så noko svært uvanleg: Ros til Dagfinn Høybråten
KrF-leiar Dagfinn Høybråten har òg ytra nokre ord i høve overgangen til det nye året. Som dei fleste andre er han òg innom Midtaustenproblematikken. Men i motsetnad til dei fleste talarane set han meir fokus på krigen i Kongo, som trass alt er vel så alvorleg, sjølv om det ikkje er like kjekt for vestlege aviser å skriva om.


- Me har dei siste vekene sett ei dramatisk opptrapping av konflikten i Midtausten og den årelange krigen i Kongo har krevd fleire offer enn det er innbyggjarar i vårt eige land, skriv Høybråten.


Det enkle er ofte det beste
Sjølv om mange av dei talande kjendisane har mykje godt og interessant å meddela, ispedd mykje uinteressant pjatt, hadde det nok vore vel så bra om fleire hadde tenkt som han eg til slutt vil herma. Både når det gjeld Kongo, Midtausten og resten av verda.


- Dei må berre forstå det at dei må slutta å kriga, er bodskapen frå ein som ikkje held nyttårstale, og i alle fall ikkje på dagbladet.no, men til gjengjeld held både jule- og nyttårspreik.

Ein fornuftig landbruksminister frå SP. Slikt vert det bråk av.

- Kasting av mat gjev auka etterspurnad etter mat. Det fører til auka produksjon og dermed meir utslepp frå landbruket. Samtidig er matavfallet i seg sjølv eit problem, hevdar landbruks- og matminister Lars Peder Brekk frå Senterpartiet.

Det er VG som har fått ministeren i tale om dette emnet, som etter mi meining har stort potensiale for indre strid i SP. Men det er på bt.no me les om det.

Landbruks- og matminister Brekk meiner folk må læra seg skilnaden mellom dei to merkemåtane «siste forbruksdag» og «best før». Dette er sjølvsagt ingen dum uttale. Mat som er merka «best før», kan vera god både dagar og veker etter datoen er nådd. Her speler til dømes EU sine reglar inn, slik som då dei for få år sidan korta ned kvalitetstida på egg med ei veke og to, på grunn av salmonella og den slags i EU-landa. Reglementet vart straks gjeldande i Noreg òg, trass i at denne smittefaren som var bakgrunnen for reglane, er så godt som ikkje-eksisterande i Noreg.


Det som er merkeleg med oppslaget om landbruks- og matministeren er altså ikkje at han oppmodar folket til å eta mat som er utgått på dato, men at ein senterpartist ikkje vil stimulera til auka matproduksjon.


Det må det vel verta bråk i eigen leir av.

Stikkord:

Kven er dei sivile, og finst dei eigentleg?

Til no har 310 menneskeliv gått tapt på palestinsk side, etter Israel sin juleoffensiv. Yttarlegare 1400 personar er skadde, melder dagbladet.no  femte juledag.


Vidare skriv avisa at dei aller fleste er Hamas-medlemer, men mange er òg sivile (sjette juledag skriv dagbladet.no at over 60 sivile er drept). Som om Hamas-medlem og sivil skulle vore to omgrep som gjensidig utelukkar kvarandre. Problemet, eller i alle fall eitt av problema, med dette, er at Hamas slettes ikkje er nokon militær organisasjon. I alle fall ikkje berre det. Det er nemleg eit politisk parti.

Kåre Willoch sa nyleg til bt.no at det er deprimerande med dobbeltmoralen frå Vesten i denne samanhengen.

- Først forlangar Vesten val i Palestina. Når så Hamas vinn valet, nektar ein å snakka med dei. Det viser at Vesten sitt snakk om demokrati berre er ord, meiner Willoch.

Kven er dei sivile?
I ein slik situasjon er det ikkje utan vidare lett å skilja mellom kven ein skal rekna som stridande og ikkje. Vanlege definisjonar let seg ikkje bruka, då den palestinske sida av konflikten ikkje har ein eigen hær. Dermed er Israel nøydd å sjå annleis på problemstillinga. Slik sett kan òg det at Hamas er eit politisk parti vera til forsvar for Israel sine bombetokter, sjølv om desse råkar sivile i fleng. Som folkevalde skulle ein jo tru Hamas handlar på vegner av folket, og folket er dermed ingen uskuldig tredjepart når rakettane regnar over Israel.

Likevel er det noko som skurrar, uansett kven ein reknar som rettmessige militære mål, når Israel sin offensiv, som visstnok skal vera framprovosert av Hamas-rakettar, til no har teke livet av nesten hundre gonger så mange palestinarar som det rakettane har drept israelarar.

Då kan ein spørja seg kor proporsjonaliteten har teke vegen (det same spørsmålet kan forøvrig stillast om verdenssamfunnet).
Les mer i arkivet » Januar 2009 » Desember 2008
hits